GUDSFRYKT MED NØYSEMD

Er nøysemd nødvendig?

Ting tyder på at den gamle apostoliske formaninga ‘gudsfrykt med nøysemd’ har gått ut på dato. Då har det skjedd ei mentalitetsendring hjå folk. Slike er viktige å merke seg.

Når Jesus gir råd i eit arveoppgjer (Luk 12,13-21) stiller han opp nøysemd mot havesykje. Den fyrste fører til gudsfrykt, den andre til bekymring og sjølvsikring.

Den rike bonden fornekta ikkje Gud. Han berre levde som om han gjorde det.

For å sitere apostelen: “Dei som vil verte rike, fell i freistingar og snarer og vert gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.” Ikkje noko mindre altså. Dette er tema 2. sundag etter pinse.

Då held vi messe i Døvekirken, Klæbuveien 47 i Trondheim. Vel møtt.

Millionær.jpg

Posted in Uncategorized | Leave a comment

6. sundag i påsketida – Rogate I

LAT  VILJEN  DIN  RÅDE

Jesus førebur sitt farvel: «Eg fer bort frå verda og går til Faderen.» Dette er retninga og målet også for vårt liv. Vår borgarskap er i himmelen og ikkje i folkeregisteret.  Alt vi har, er gitt oss av Faderen. Alt vi har å takke for. Alt vi har å gle oss til. Livet, landet, retten, freden, gleda, historia, velstanden.

Be også om at Faderens vilje må styre, seier Jesus. Han kallar det bøn i Jesu namn. At vi lever og tenkjer og bed i samsvar med, i harmoni med og identifikasjon med Faderen.

Livet handlar ikkje om meg og korleis eg skal tilfredsstillast, men om å vere i Gud, i samklang med hans plan og vilje for livet. Då får han be i deg. Og du får leve i han. Han som har sigra over verda.

Les gjerne  Joh 16,23-33

Rogate II

Å leva det er å elska.

Det veks gode frukter av kjærleik: Venlege ord, godt hjartelag, gåvmilde hender, glede og fred, sosialt ansvar.  Dette er fruktene. Han som er opphavet til kjærleiken, skaper dei.

Han har gitt ein god orden for oss alle å passe inn i. Den som underordnar seg så han held boda hans, er i hans kjærleik. Somme har tenkt at all omgang mellom menneske som ser godt og vakkert ut, er kjærleik.  Jesus uttrykkjer seg aldri slik. Han seier tvert imot at kjærleiken viser seg i lydnad mot hans konkrete bod.

Slik dei tre guddomelege personane elskar kvarandre. Dei er ikkje like. Faderen er hovudet over Sonen.  Sonen er fødd av Faderen. Anden utgår frå Faderen. Likevel er dei ein fellesskap i fullkomen kjærleik. Utan isolasjon, rivalisering eller likestillings-kamp. Innpassing i Guds orden gir einskap i ulikskap.

Joh 15,9-17 er evangeliet fyrstkomande sundag. Vel møtt til messe i Døvekirken, Klæbuvn. 47 i Trondheim.

Trinity.jpg

Posted in Uncategorized | Leave a comment

FRELS OSS FRA DET ONDE

Psykologer, journalister, biologer, politikere og forfattere har prøvd å forklare ondskapen. Jesus gikk i nærkamp med han. Onde ånder er Guds motstandere.

Den hellige Augustin sa at det onde har ingen substans. Det onde er imot naturen, for naturen er god. Det onde oppstår når det gode som burde vært der, er borte.

Der er et sluk i skaperverket som menneske kan falle ned i. Derfor møter Jesus herskeren over ondskapens hær i en kamp på liv og død.

Ikke rart djevelen går omveier utenom korset når de møtes.

Vel møtt til messe på 3. søndag i faste, i Døvekirken, Klæbuveien 47 i Trondheim. Søndag kl. 11.

Krusifix - foto Wikipedia.jpg

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Den gode tilhører

Stengrunn, klunger, veikant eller god jord er alternativene når Gud oppsøker menneskenes hjerte. I en samtid fokusert på helsekost og sunn livsstil, skulle en tro mange vet hva hjertet har godt av.

Jesus setter søkelys på tålmodig venting og «et vakkert og godt hjerte». Den som søker det vakre, må ta vare på det gode. I et slikt hjerte får Gud og Guds ord plass. Der kan vakre og gode frukter vokse fram.

Fr Tore Andreas, hjemmehørende i Fredrikstad, leder messen i St Justin på søndag. Velkommen i Døvekirken, Klæbuveien 47, kl. 11.
Såmannen.jpg

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Guds sundagsskule

Gud openberrar sine planar for born. Dei vaksne må slite. Ein må innom Guds sundagsskule for å kome til himmelen.

Jesus var sjølv ein av desse små. I Guds hus. På søndagsskulen. Han som sjølv er Faderens barn. «Lær av meg,» seier han, «for eg er mild og audmjuk av hjarta. (Mt 11,29). Han, den vesle, kan lære bort til andre som også er milde og audmjuke.

Som 12-åring inntok han templet. Jesus lyfter opp seg sjølv til tolk av den gamle pakta. Til forundra blikk frå foreldre og skriftlærde. Men mor Maria gøymde orda i hjartet sitt til gjæring.

Vel møtt til messe i Døvekirken, Klæbuveien 47, søndag 16. januar kl. 11.00

Tolvåring i templet 2.jpg

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Corona-advent