I sanning verdig og rett …

«I sanning verdig og rett er det at vi alltid og alle stadar takkar deg….». Kvar sundag. Kvar messe. Startar nattverdbøna slik. Ei innprenting som skal sitje i hovudet på alle kyrkjegjengarar. «Alltid og alle stadar.» Takke.

Det går godt an å takke Gud sjøltilfreds, sjølsentrert, blind og døv for andre menneske. Nattverdbøna lærer oss noko anna. 

God helse er farleg. Til den spedalske sa Jesus: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.» Ikkje helsa, men trua.

Difor seier Gud til oss ved slutten av messa: «Reis deg og gå heim! Trua di har frelst deg.»

Translate »