Er det få som vert frelste?

Jesus vert spurd om det er få som vert frelste. Dei får ikkje vite talet, berre: Sjå til at du sjølv lever opp til den audmjukskapen som skal til.

Korvidt audmjukskap eller høgmot dominerer i eit menneskehjarte, sit i det indre, men syner seg i det ytre. For den store likskapen overskyggar alle skilnader: At vi alle er like langt unna å fortene Guds nåde. 

For Guds rike er annleis. Det er eit nåderike. Her frelser ingen merittliste. Berre nåden. Difor vert berre barn frelste. 

Difor er vårt svar det vi lærer i messa:”Herre, eg er ikkje verdig til at du går inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert sjela mi lækt.” 

Translate »