2. sundag i advent

Adventsstemning har dobbel botn: 

1) Advent er no og heile året. Han som ein gong tok oss inn i himmelen på jorda, han gjer det kvar dag heile året. Så vi må dagleg rydde i livet vårt med tanke på det.

2) Advent er den dagen vår historie sluttar, og himmelen rår åleine på jorda. Frelsaren kjem att som Herren. Så må vi vere budde på å gå Han i møte.

’Alltid beredt’ inneber å øve seg i å vere stille og ventande. ’Lytte etter lyden av Hans trinn.’ ’Ver stille og kjenn at eg er Gud’høyrer salmisten Gud seie. Å leve med sinn og tankar og timar, planar og program sentrert om dette, er å feire advent. I kritiske periodar i både Kyrkja sitt liv og i privatliv, har overlevingsstrategien handla om stilla der ein møter Gud som Gud.

Evangeliet for den andre advent-sundagen handlar om tenaren som ventar Herren sin heim: Luk 12,35-48

Translate »