Det vart advent i coronamodus også i år. Kanskje ikkje så dumt. Døyparen Johannes, ein hovudperson i adventstida, viser veg. Han søkte einsemda i øydemarka for å vere nær Gud. Ikkje julebord der.
Tilbaketrekning trengst gjerne for å gi plass til åndeleg konsentrasjon. Det er ei hovudsak i adventstida.
Det vanlege kvardagslivet er fullt av distraksjonar som trengjer inn i og øydelegg gudslivet og bøneliv.
Johannes som rydda veg for Herren i Judea-øydemarka, kan gjere det også i corona-øydemarka. Bruk denne tida til å søkje Gud. Han er å finne.
Les om Johannes i Luk 3,1-6.