Epifania er det store vegkrysset i menneska si åndelege historie. Israels profetar møter filosofar og astrologar med Orientens visdom. Ei stjerne frå aust stoppar over Betlehem. Menneskeslekta sin lengt og søkjing møter Kristus, «eit ljos for folkeslaga».
Kristi kyrkja har sidan hatt ein universell misjon. For verda og menneskeslekta er éi midt i sitt mangfald, ein felles lagnad og ei felles framtid, eit felles kall til frelse og evig liv hos Gud.
Vi har sett at der ljoset frå Betlehem sloknar, går sola ned over mange av dei verdiane vi rekna for umisselege. Denne høgtida kallar på misjonærar til det store vegkrysset.