Er nøysemd nødvendig?
Ting tyder på at den gamle apostoliske formaninga ‘gudsfrykt med nøysemd’ har gått ut på dato. Då har det skjedd ei mentalitetsendring hjå folk. Slike er viktige å merke seg.
Når Jesus gir råd i eit arveoppgjer (Luk 12,13-21) stiller han opp nøysemd mot havesykje. Den fyrste fører til gudsfrykt, den andre til bekymring og sjølvsikring.
Den rike bonden fornekta ikkje Gud. Han berre levde som om han gjorde det.
For å sitere apostelen: «Dei som vil verte rike, fell i freistingar og snarer og vert gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.» Ikkje noko mindre altså. Dette er tema 2. sundag etter pinse.