IKKJE AV BRØD ÅLEINE

Adam og Eva i Paradiset, Israel i øydemarka og Jesus i øydemarka. Gud bad dei om å faste. Berre Jesus stod prøva, var trugen og lydig.

Vi må velje kven vi skal tene og tilbe. Livet og verda er større enn det vi kan skaffe oss med pengar og underhaldning. Mennesket er bestemt til å leve i Gud.

Demonane byd oss tomrom i byte mot Gud. Når det blir tomt nok, står berre forvirringa og fortvilinga att.

Vi burde vite det, vi som forsaka djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen i vår dåp.

Så vend om og tru på evangeliet. Og les gjerne Matt 4,1-11.

Vel møtt til messe i Døvekirken, Klæbuveien 43, sundag 26. februar kl. 11.

Freisting av Jesus - duccio.jpg

Legg igjen en kommentar

E-postadressen din vil ikke bli publisert.