Keisar og gallilear

I somme land er det ulovleg å gå over til kristen tru. I andre må du levere reservasjonsbrev om du som truande skal arbeide i t.d. helsevesenet. 

For oss som har vakse opp i ein kultur der kongen representerer både Gud og staten, er Jesu ord om å skilje mellom keisarens og Guds, urovekkjande og nærgåande. Det er ikkje nok at keisaren er kristen. 

Når helsevesen, skattevesen, skulevesen, vegvesen og kyrkjevesen sorterer under same herrar, kven skal ein då vise lojalitet? Når det å melde seg ut av folkekyrkja vert like utenkjeleg som å melde seg ut av vegvesenet og helsevesenet. 

Vår alt-i-eitt-kultur vert testa av Jesu ord i dagens evangelium. Kvar har du din djupaste lojalitet? Jesus hevdar å vere sanninga sin opphavsmann og forvaltar, Herren over himmel og jord. Han som har innsett alle keisarar. Gud vil at vi skal lyde dei han har gitt mandat. Og dei skal lyde Gud.

«For alt høyrer Herren til. Jorda og alt det som fyller henne.»

Også keisaren. Også Kyrkja. Også du og eg.

Les gjerne Matt 22,15-22.

Translate »