Olsok

Gulatingslova seier at «det er det fyrste i lovene våre at me skal bøygja oss mot aust og beda til den heilage Krist um godt år og fred og um at me må halda landet vårt bygt og ha landsdrotten vår lukkeleg. Han vere vår ven og me hans og Gud ven til oss alle.» Under denne kulturen ligg tanken eit samfunn oppretta av Gud til folket sitt beste.

Slik tale skurrar i mange moderne øyre. Menneske har lagt seg til andre normer enn dei gudgjevne og vi er vitne til eit aksellererande sedskifte som merkast i tenkjemåte, levemåte og i lovverket. Ny verdisetjing for mennesket og nye målestokkar for framgang og rangordning. Det er ikkje lenger sjølvsagt at søndagen er Herrens dag. Ikkje lenger sjølvsagt at maten er Guds velsigning. Det opplyste mennesket vil vere sin eigen herre, sjølvbestemt og med full sjølvråderett.

Vi må vere dei første til å innsjå dette og dei første til å leve motkulturelt. Difor feirar vi olsok-messe.

 

Translate »