Øyrekviskraren

«Det ånder himmelsk over støvet» seier Grundtvig. Guds Ande bles dit han vil, men det er i Kyrkja vi finn sjølve ”stormsenteret”. I Ordet, i sakramenta, i embete og tenester, i nådegåvene, i den innbyrdes kjærleiken. Der gir han oss Barnekårsanden som gjer at vi ikkje berre anar at der er ein Gud, men ropar: Abba, Far!
«Ny åpnes paradis på ny», held Grundtvig fram. Ikkje for kva som helst slag ”åndelighet”. Den ånd vi feirar i pinsa, er Guds Ande, den tredje person i Gud. Han som går ut frå Faderen og som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen og som har tala gjennom profetane. Han kviskrar i menneskeøyre om vegen til frelseskjeldene.
Det feirar vi i messa i Døvekirken, 2. pinsedag kl. 18. Vel møtt.

Translate »