Kongen som rid inn i Jerusalem på palmesundag, er annleis. Ikkje forordnar han med tvang at alle skal tru på han. Og ikkje føyer han seg etter folkeviljen. Ingen imponerande parader for å vise styrke. Ingen populistiske ablegøyer.
Han set den menneskelege fridomen så høgt at han bøyer seg ned til dei minste, dei som ikkje har råd til å leige seg hest. Han rid audmjuk på ein eselfole. Jesus lærer bort audmjukskapen sin veg.
Jesus er stadig å finne i same posisjon som den gongen. Som Maria seier: Dei store og mektige let han gå tomhendte bort, men dei små lyfte han opp. Mellom menneske som samlast i hus med kross på taket, der er han. Den som vil sjå Jesus, må søkje dit krossen er reist.
Vegen til krossen vart for Jesus vegen til siger over døden. Lat oss fylgje Jesus denne vegen i veka fram mot kross og oppstode.