TENESTE OG FORTENESTE

På Jesu tid fungerte torget som NAV-kontor. Idag stiller arbeids-søkjande med CV, fragment av studier, grader og yrkeserfaring som skal gjere deg lekker på arbeids-marknaden.

Gud vurderer dei mest fragmentariske menneskeliv som verdifulle, uavhengig av kvalifikasjonar og innsats. Guds målestokk er nåde utan overtidstillegg og feriepengar.  Det hebraiske ordet tyder ‘meir’. Her er meir enn fortent, meir enn nødvendig, meir enn vi drøymer om.

Gud er i mål med sine arbeidarar fyrst når vi med handa på hjartet kan seie «vi har berre gjort skyldnaden vår.»

Meir om dette i messa på sundag.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *